Studio K43 - alle selde!
Førde
Førde
FRITT OG FINT: No blir det jobba for fullt både ute og inne i Studio K43 for å få alt klart til dei 15 bebuarane skal flytte inn.
Snart klart
No blir det måla, lagt golv og montert kjøkken i Studio K43. Går alt etter planen kan bebuarane komme med flyttelassa sine i februar/mars 2022.
SENTRALT: Frå Studio K43 er det kort avstand til alt i Førde - og flott utsikt både mot sentrum og Hafstadparken!
Særpreg
Takhøgda på 3,5 meter og vindauga som strekker seg frå golv til tak gir K43 ein skikkeleg wow-effekt. Marta testar benken i vindaugs-karmen. Dette kan fort bli favorittplassen til bebuarane! I Studio K43 har alle fri utsikt til elva og Hafstadparken.
Soveplass
Hemsane i leilegheitene er ferdige. I toppetasjen er det også takvindauge.
Går alt etter planen skal leilegheitene vere klare for innflytting i februar/mars 2022.
Sjå mot stjernene
Alle leilegheitene har praktisk hems. I toppetasjen er det ekstra takhøgde og takvindauge - med fri sikt til stjernene.
Uteliv
Endeleilegheitene har gode, solrike balkongar. Midtleilegheitene har fransk balkong med doble dører slik at ein kan nyte sola, utsikta og elva som renn forbi.
Fri utsikt
Alle balkongane er på 7 m2. Her kan du nyte sola både til frukost og ettermiddagskaffien.
Panorama
I 4. etasje blir det ein stor felles terrasse, solrik og med panoramautsikt over sentrum. Her kan ein grille eller samlast i andre sosiale lag.
Ulike løysingar
Området under trappa blir levert med pc-pult (bilete t.v.). Skap og ekstra hyller kan ein få som tilval.
• Utvending solskjerming
• Balkongdører med tiltefunksjon for lufting
• Bod i same etasje som leilegheita
• Felles uteområde med panoramautsikt i 4. etg.
• Innandørs sykkelparkering i 1. etg.
• Heis
• Carport og ekstra sportsboder
• Tilkomst via ny avkøyring frå Kyrkjevegen
• K43 ligg innanfor bomringen
• Sigdal-kjøkken med integrerte kvitevarer
• Romsleg bad med plass til vaskemaskin
• Djupe vindaugskarmar med sitteplass
• Ein del leilegheiter har røffe betongveggar
• Stor hems med spesialdesigna trapp
• Eikeparkett
• Gang med garderobe og god oppbevaring
• Balkong eller fransk balkong
Bente Andenæs
Tlf: 90 82 14 17
epost: ba@gravdal.no
Liv Grimsbø
Tlf: 40 87 52 46
epost: lg@gravdal.no