Om Gravdalgruppa

Vi i Gravdalgruppa skal gjere det enklare for deg å bygge bustad

Vi tilbyr ferdige bustader der du ikkje treng å gjere noko meir enn å hente nøkkelen og flytte inn.

Når du skal gjere bustaddraumen til verkelegheit, er det viktig å velje ein samarbeidspartnar du kan stole på. Ein samarbeidspartnar som ordnar alt de har tenkt på – og alt det de ikkje visste måtte gjerast. Kort sagt; ein samarbeidspartnar som gjer bygge-prosessen enklare.

Gravdalgruppa (som består Gravdalgruppa as, Gravdal Prosjektutvikling as, Gravdal Bustadprosjekt as og Gravdal Bygg as) har sidan 1961 vore ein av dei leiande aktørane innan bustadbyggebransjen i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Hovudaktiviteten til gruppa er innan privat sektor, fortrinnsvis i bustadmarknaden, men vi har i også god erfaring med bygging av omsorgsbustader, skular og barnehagar til offentleg sektor.

Gravdalgruppa sitt hovudkontor ligg i Førde.

Vår visjon er at vi skal ha det moro på jobb og ha god lønsemd i det vi driv med. Vidare skal vi vere samfunnsbyggande til glede for våre tilsette, våre kundar, våre leverandørar og våre lokalsamfunn.

I juni 2019 etablerte eigarane av Gravdalgruppa og Hellvik Hus Gruppen eit felles eigarselskap, Hellvik Gruppen as. Hellvik Gruppen as hadde i 2019 ein omsetnad på kr 889 millionar og ein eigenkapital på kr 338 mill.

_25A2456_gravdal.jpg

Gravdalgruppa

Førde
Halbrendsøyra 2
6800 Førde

Telefon: 47 87 40 00
post@gravdal.no