Fullt hus i Piletunet
Førde
Førde
Piletunet med 40 bustader er ferdig utbygt, og bebuarane er på plass i dei fleste leilegheitene.
Om du ønskjer deg ein bustad i Parken har vi framleis mange fine leilegheiter i Lønnetunet.
Alle leilegheitene får lune fargar og kvalitetskjøkken frå Sigdal. Her er det mange flotte kvalitetar.
I Parken er det indre, bilfrie tun - perfekt for å slå av ein prat med naboane og trygg leik for dei små. Bilane står i parkeringskjellaren under tunet.
Frå romslege stover har du utgang til private balkong eller terrasse.
I Parken får du kvalitetskjøkken frå Sigdal, tilrettelagt for integrerte kvitevarer.
Lyse og romsleg bad, ein del leilegheiter har også gjestetoalett.
Det er kos å krype ned i godstolen når kvelden fell på.
Sentrumsnært men fredeleg
Har du lyst å bu i gangavstand til alt Førde har å by på, men tilbaketrekt frå trafikkstøy? Då er Parken ideell for deg! Her bur du landleg, men nær nok byen til å nå det meste til fots. Ferdig utbygd består Parken Bustadtun av fire klyngetun. Ein liten landsby i byen, ein god stad å bu – og leve.
Sosiale og bilfrie tun
Parken ligg i Hafstad bydel, og blir bygd som eit klyngetun: seks bygg, rundt eit bilfritt, indre tun. Det blir ein sosial møteplass, og ein trygg og god leikeplass.
Det gode liv på landet, i byen
Det er to minutt å gå ned til dei fine turstiane langs Jølstra, og det fantastiske området Hafstadparken. Der kan ung som gammal utfalde seg.
Kombinasjonen av sosiale møteplassar og eigne uteområde, gjer at du alltid kan velje om du vil delta, eller slappe av på din eigen terrasse i Parken.
Bilfritt indre tun, med leikeplass, benkar og bord.
Landleg plassering, med ro og fred.
Parkeringskjellar med parkering for bil, sykkel, samt sportsbod.
Vassboren golvvarme frå Førdefjorden.
Næraste nabo er Rema 1000, Hafstad Idrettspark, bensinstasjon og Nærleiken Barnehage.
Gangavstand til ”alt”.
Eit nabolag med fin miks av bebuarar i ulike generasjonar.
Parken Bustadtun er eit samarbeidsprosjekt mellom Gravdalgruppa og Åsen & Øvrelid