Tomt med eigen båtplass!
Radøy
Radøy
MELLOM HOLMAR OG SKJER. Har du lyst å bu tett på den flotte skjergarden på RAdøy? Då bør du sjå nærare på dei to tomtene vi har til sals ved Bøvågen.
Vil du bu fritt og fredeleg, tett på sjøen og båtlivet? Då bør du sjekke ut desse tomtene ved Bøvågen. Her er kort avstand til butikk, barnehage og skule. Bøvågen ligg ca 10 km frå kommunesenteret i Alver, Manger. Og med bil er du 58 km frå Bergen sentrum.
To tomter
MARØYVEGEN 69:
Prisantydning: 270.000,-
Omkostningar: 7.250,-
Matrikkel: Gnr 428 Bnr 123.
Type tomt: Bustadtomt, sjølveigar.
Areal: 973,5 kvm
MARØYVEGEN 71:
Prisantydning: 250.000,-
Omkostningar: 6750,-
Matrikkel: Gnr 428 Bnr 123.
Type tomt: Bustadtomt, sjølveigar.
Areal: 741 kvm.
Radøy, med sitt særeigne kulturlandskap, er kjend som den grøne øya.
IDYLL: Frå tomtene er det berre ein liten rusletur ned til båthamna til Kobbevågen vel. Privat båtplass her er inkludert i tomteprisen.
Er dette interessant for deg? Ta kontakt då vel!