Slå til i Mallsvika!

Slå til i Mallsvika!

Mallasvika er eit triveleg bustadområde like utanfor Naustdal sentrum, med makelaus utsikt over fjella og Førdefjorden. Her har vi seks lyse og fine leilegheiter for sal.

SOM EIT POSTKORT: Tenk å vakne til denne utsikta kvar morgon! Balkongane på 15-16 kvm er overbygt, og om ein ønskjer kan dei glasast inn og bli flott utestover!

Første byggetrinn stod ferdig i 2020. No planlegg vi eit tilsvarande bygg på nabotomta med seks leilegheiter. Den minste leilegheita er ca 52 m2, dei andre ca 64 m2. To av leilegheitene har eitt soverom, dei fire andre får to. Felles for alle: Solrike balkongar med fri utsikt over fjorden!
Ønskjer du båtplass, kan vi ordne det og!

Fritt og fredeleg

Om du ikkje vil bu midt i sentrumsgryta, men likevel ha gåavstand til butikk, barnehage og skule - då kan ei leilegheit i Mallasvika vere midt i blinken for deg!

Klikk på pila til høgre for bildet under, så kan du bla deg gjennom salsprospektet for Mallasvika Panorama 2. Kanskje finn du leilegheita du drøymer om her!

Ved å klikke på den øvste av dei grøne boksane får du tilgang til prisalista. I leveranseskildringa finn du meir detaljert info, og dersom du ønskjer å kjøpe ei leilegheit, kan du fylle ut skjemaet “Bindande stadfesting på kjøp” og sende det til oss.

OPPE: Leilegheitene er fordelte over to etasjar. I den øvste etasjen har alle leilegheitene to soverom.

NEDE: På bakkeplan kan ein velge mellom leilegheiter som har eitt eller to soverom.

Alle dei seks leilegheitene får energimerking B, noko som betyr at du som kunde er kvalifisert til grønt bustadlån - bankens lågaste rente.

Byggeklar tomt

Tomta er ferdig opparbeid (raud ring). Her er det plass til seks nye heimar, passeleg for den som bur åleine, eller kanskje ein liten familie? Det er berre ein liten rusletur til sentrum, og 10-12 minutt i bil til Førde.

Vil du bu her? Alle leilegheitene vil få fri utsikt over Førdefjorden.

Triveleg nabo

Ingvild Røyrvik kjøpte leilegheit i 1 byggetrinn i Mallasvika Panorama. Ho vaknar til denne utsikta kvar morgon.

IMG_2272.JPG

Mallasvika Marina ligg berre ein liten rusletur frå leilegheitene, her er det mogleg å kjøpe seg båtplass.

Når fjorden ligg bada i sol er det fantastisk flott i Sunnfjord. Tenk å ta denne utsikta frå stoveglaset.

Trygg leikeplass

Det er opparbeidd felles leikeplass for bebuarane, i tillegg blir det ein mindre leikeplass ved inngangspartiet.

IMG_2320.JPG

I Mallasvika treng du ikkje gå langt for å få deg eit forfriskande bad i fjorden. Dessutan har du det flotte badeanlegget Sanden like ved.

Leilegheitene blir levert med norsk kvalitetskjøkken frå Sigdal, integrerte kvitevarer er inkludert i prisen.

Leilegheitene får store vindauge og romslege overbygde, sørvende balkongar der ein kjem tett på den flotte naturen.

Det lett å trivast i Mallasvika!

Badebrygga er ein del av fellesområdet. Her kan ein kose seg i sola, grille, bade - eller berre nyte ei stille stund.

FELLES: Badebrygga er ein del av fellesområdet. Her kan ein kose seg i sola, grille, bade - eller berre nyte ei stille stund.

Her kan du sjå film av flotte Mallasvika. (klikk på bildet)

 

KONTAKT:

Petter Flølo Geithus
Tlf: 936 36 490
E-post: petter.flolo.geithus@hellvikhus.no