SKATTEJAKTA I GRAVDALSHOLTEN
Anleggsmaskiner må til for å opparbeide eit tomtefelt. Vi gøymde desse tre miniatyrutgåvene i tomtefeltet Gravdalsholten i Førde, og lova ut tre gåvekort på 1000 kroner til finnarane. No er maskinene funne og dette er finnarane med falkeblikk: Kasper Olai Menes, Benjamin Engebø og Ailo Fugle Russenes.
Om du kom for seint til skattejakta er det likevel ingen bomtur å ta seg ein runde i Gravdalsholten. Her har du panoramautsikt over heile Førde. For å komme til Gravdalsholten køyrer du forbi Slåttebakkane på E39 i retning Bergen. På Reset tar du av til høgre og følgjer vegen til endes (forbi Nortura sitt anlegg).
Vi takkar for at så mange - både store og små - ville delta i skattejakta og for alle gode tilbakemeldingar på det flotte tomtefeltet. Her kan du bu fritt og fint over Førde, med kort avstand til alt av tilbod i sentrum og til flotte opplevingar i skog og på fjell.