Dei skal bu i Zik-Zak: - Spennande og litt skremmande
Kjøkken, golv, fargar og flis. Bebuarane i terrasseblokka Zik-Zak har mange val framfor seg. Vi inviterte dei til ein kundekveld for å gjere jobben litt enklare.
Dei framtidige bebuarane vile gjerne ha hjelp til å velje kjøkken, fargar og interiør. Men mest spennande av alt var det å helse på mange av dei nye naboane.
- Eg kjenner mange av ansikt og har felles kjende med fleire her, seier Ragnhild Svoen. Ho er opphavleg frå Naustdal, men bur no i Bergen og har bestemt seg for å flytte heim og inn i Zik-Zak.
- Eg er veldig begeistra. Her får eg alt på ei flate og parkering i kjellaren. Skulle eg kjøpt noko tilsvarande i Bergen hadde det blitt til ein voldsom pris. Eg likar tanken på å bli gammal i Zik-Zak, seier ho.
Oline Grodås er einig, ho gler seg til til å flytte inn i den nye heimen som skal stå klar i desember neste år. - No er prosessen i sving for alvor. Det er mange val og du blir temmeleg forvirra. Så det er kjekt å komme på ein slik kveld og få tips og oversikt. Og så er det sjølvsagt kjekt å treffe dei andre som skal flytte inn, seier Grodås.
Kari Horstad Hugøy ser òg fram til at Zik-Zak-blokka står ferdig.
- Eg likar området på Falkenstein. Det er stille og roleg men samstundes sentralt.
- Vi ville ha noko mindre. Eit stort hus og hage krev for mykje. Vil vil gjerne ha tid til å reise meir, seier Gunnvor. Ho synes det er litt skremmande med alle vala dei må gjere, men er sikker på at det blir bra når dei kjem på plass.
- Det blir greitt å få alt på eit plan. Og så er det ein flott plass - stille og roleg og godt med sol, seier Leif Kilnes. Dei to sikra seg ei av leilegheitene i toppetasjen.
- Eg har vore litt usikker på om eg skulle kjøpe no. Men eg hadde møte med banken og då eg fekk lån sa eg: “greitt, eg kjøper”. Det har eg ikkje angra på, fortel Erik. Han vil gjerne bu sentral og likar plasseringa.
- Dette blir spennande! Det er godt å få litt hjelp med alle vala som må gjerast.
- Vi var einige om leilegheita, men det er framleis mange val vi må ta. Det er både kjekt og skremmande. Eg synes det er greitt at vi kan velje mellom pakkeløysingar, då blir det mindre krangling, ler Karin Refvik. Sambuaren Terje har blada kjensler knytt til flyttinga.
- Klart det blir eit stort sprang - frå tomannsbustad til blokk. Men dette blir kjempegreier, lettvint og vedlikehaldsfritt. Den største utfordringa blir å lære katten å ta heis!