Vann konkurranse - sikra arbeid i over eitt år

FRITT OG FLOTT: Frå Øvre Krohnåsen har ein flott utsikt over Apeltunvannet. Her bur ein fredeleg og landleg, samstundes er det berre nokre minutt å gå til Laugunen storsenter. Alle 3D-illustrasjonar: TETT

FRITT OG FLOTT: Frå Øvre Krohnåsen har ein flott utsikt over Apeltunvannet. Her bur ein fredeleg og landleg, samstundes er det berre nokre minutt å gå til Laugunen storsenter. Alle 3D-illustrasjonar: TETT

Gravdal Bygg as vann konkurransen om å få bygge bufellesskap for Bergen kommune. På denne flotte tomta like ved Lagunen storsenter blir det 16 leilegheiter, to personalbasar og flotte fellesareal. Kontrakten er på ca 70 millionar kroner.

- Det er utruleg kjekt at vi vann konkurransen. Vi har jobba mykje med dette prosjektet, og trur det blir heilt konge å bu på Øvre Krohnåsen! Bergen kommune var heldigvis einig med oss. Vi har fått toppscore på kvalitetsvurderingane i konkurransen, og det er vi stolte av, seier dagleg leiar Bodil Kidøy Lunde i Gravdalgruppa.

ØvreKrohnåsen_eksteriør_4.jpg

Bebuarane i Krohnåshagen kan nyte solskinsdagar på denne flotte terrassen i toppetasjen.

ØvreKrohnåsen_eksteriør_5.jpg

Dei som bur på Krohnåstoppen får også romsleg fellesterrasse der ein kan samlast til måltid eller spel og dans.

Det er åtte leilegheiter, personalbase og romslege fellesareal i kvart av bygga som har fått namna Krohnåshagen og Krohnåstoppen. Bebuarane deler parkeringskjellar og uteareala ved inngangspartiet. I tillegg er det ei flott nausttomt nede ved det idylliske Apeltunvannet der ein kan ha ulike fellesaktivitetar.

- Tomta vår har fantastisk utsikt. Her bur ein like ved Lagunen med kort veg til Bybanen, kafear, kino og butikkar, samstundes er ein tett på naturen og varierte turområde. Her blir det flotte bukvalitetar, seier Kidøy Lunde.

I konkurransegrunnlaget var det lagt vekt på at leilegheitene ikkje skulle ha institusjonspreg. Her får bebuarane eigne, moderne leilegheiter med privat balkong. I tillegg er det romslege fellesareal inne, sosiale møteplassar på bakkeplan og store, delvis overbygde fellesterrassar. Dei tilsette får praktiske og romslege personalbasar.

- Det er eit omfattande prosjekt, og vi har hatt eit godt samarbeid med TAG arkitekter i Bergen. Konkurransegrunnlaget var til å bli sveitt av, vi måtte oppfylle ein masse strenge krav. Då er det ekstra kjekt at vi lykkast, seier Kidøy Lunde. Kontakten på ca 70 millionar kroner omfattar sal av tomt og totalentreprise.

Bergen kommune har mellom anna lagt vekt på miljøhensyn i konkurransen, og Gravdal Bygg as som totalentreprenør, skal levere miljørekneskap.

- Dette er ein viktig kontrakt for oss som sikrar aktivitet ved bergensavdelinga i godt og vel eitt år framover. Det er ein stor jobb og vi gler oss til å komme i gang, seier dagleg leiar i Gravdal Bygg, Sverre M. Stensæth.

Når kontrakten er formelt underteikna, startar førebuingane til byggearbeidet.

- Vi går i gang med prosjektering i løpet av dei kommande vekene. I mars startar grunnarbeidet, og går alt etter planen kan bebuarane flytte inn på tampen av 2022, seier Stensæth.

Frå Øvre Krohnåsen har ein kort veg til fjells eller rusleturar rundt Apeltunvannet. Restaurantar og kafear er berre ein kort spasertur unna, og med bybanen kjem ein seg lett til sentrum eller andre delar av byen.

Liv Grimsbø