Ida bygger nytt av mykje gammalt
Heller frå det gamle slaktehuset i Førde, mors lampeskjerm og 50 år gamle gardiner. Ida Berqvam kastar aldri noko, og i den flotte nye hytta ho har teikna og fått bygt i Gaular har ho funne plass til mange, kjære klenodium.
Den gamle lafta stova frå før 1850 er juvelen i den heilt spesielle hytta. Stova kjøpte Ida og Guttorm Berqvam frå vener som hadde den ståande på tunet i Årdal i Jølster. Eit stort tuntre som stod heime på Falkenstein er forvandla til eit solid langbord.
Ida Berqvam er mest kjend for utbygginga av handelshus i Førde, men ho er også utdanna arkitekt og har teikna rundt 50 hus. Det siste er den særprega hytta som ligg usjenert ved Hestadfjorden i Gaular. Her har ho teikna tre grindbygg som er fletta saman med den gamle lafta stova. Hytta er på over 120 kvm, men kjennest koseleg og lun.
- Eg ville ikkje ha ei slik prangande Geilo-hytte, aldri i verda!
Hytte har tre soverom, pluss ein romsleg hems, to bad, badstue, kjøkken, vaskerom - og den flotte sperrestova.
Kvar minste detalj gjennomtenkt, nytt og gammalt fungerer fint saman. Ei fele ho fekk av bestefar sin, gamle familiefoto og bilete som for lengst hadde havna i kjellaren er henta fram og har fått nytt liv.
Familiefoto av far, onkel, Ida sjølv og eit søskenbarn har komme på lerret og lagar god stemning i hytta.
- Når du ser i interiørmagasin er alt heilt likt og preglaust. Eg bryr meg ikkje om trendar, ein må ta med seg livet inn i interiøret. Eg kastar aldri noko og er oppteken av gjenbruk. Det har vorte ein livsfilosofi, fortel Ida.
Ho har lenge hatt lyst til å samarbeide med Torgeir Årdal, og då ho fekk kjøpe den gamla stova baud sjansen seg. Årdal plukka ned stova, reparerte einskilde delar og sette ho saman igjen. I tillegg bygde han grindbygga i verkstaden sin i Årdalen.
- Torgeir har gjort eit fantastisk flott arbeid! Eg samarbeider berre med flinke folk, lokale handverkarar. Det er så mykje snakk om kompetansearbeidsplassar i dag, men då tenkjer ein på skrivebordsjobbar. Vi må ikkje gløyme at vi har utruleg mykje kompetanse rundt i bygdene våre. Handverkskompetanse som vi er heilt avhengige av, seier Ida.
Ein lampeskjerm mor til Ida kjøpte på ein Italia-tur er ramma inn og pyntar opp den solide tømmerveggen. Ein stoffrest frå plantasjen dei eig i USA har både blitt gardiner og gitt nytt liv til ein gammal stol. Gardinene på det eine soverommet vart kjøpt det året Ida gifta seg for snart 50 år sidan.
- Hytta ligg i eit utruleg flott område. Tanken er at den gamle stova og grindbygga skal opplevast som ei samling småhus. Kledningen er av eit materiale som skal eldast med verdigheit, og med torvtak glir det rett inn i naturen, seier Ida. (Foto t.h.: Vidar Helle)