November-kampanje
Knalltilbod berre i november: Alle som kjøper bustad hos Gravdalgruppa i løpet av dei neste fire vekene, får eit gåvekort til ein verdi av kr. 50.000 på kjøpet!
På jakt etter ein ny plass å bu? Vi har masse flotte bustader i ulike prisklassar.
Tenk kor kjekt det ville vere å plusse 50.000 kroner på budsjettet når du har valt den bustaden du vil ha! Det gir rom for å oppgradere kjøkken og kvitevarer, baderomsinnreiing, fliser eller kanskje du ønskjer ein dyrare parkett?
Her er det mange moglegheiter til å få den nye heimen din akkurat slik du vil. Gåvekortet gjeld varer til ordinær pris, og kan brukast på vareutvalet vi i Gravdalgruppa kjøper direkte frå våre leverandørar.
Rekkehus, del av tomannsbustad med panoramautsikt eller kanskje ei knalltøff studioleilegheit? Vi har mykje du kan velje i.
Vår bustadseljar, Bente Andenæs, hjelper deg gjerne med å finne akkurat den bustaden du ønskjer deg! Ta kontakt på telefon 908 21 417, e-post ba@gravdal.no - eller stikk innom oss for ein hyggeleg prat på Halbrendsøyra.
Med 50.000 ekstra i potten kan du få eit skikkeleg lekkert kjøkken. Gjengen i Sigdal-butikken vår kan hjelpe deg med å finne draumekjøkkenet!
SISTE VEKA
Vi er inne i den siste veka av november. Er du på bustadjakt og vil nytte deg av kampanjen vår, er det lurt å slå til no!