Førjulskos i Piletunet

Gløgg, lussekattar, pynta tre og julemusikk. Vi inviterte bebuarane i Piletunet til førjulskos i tunet. Dei fekk både sjå sine nye heimar og slå av ein prat med naboane.

BLIR FINT: Jenny Øvrebø (t.v.) ser fram til at leilegheita blir ferdig, ho skal servere taco til gjester som kjem på besøk. På visninga hadde ho med seg foreldra Stein Erik Øvrebø og Inger Hageberg Øvrebø (lengst til høgre). Egil og Vigdis Johnsen g…

BLIR FINT: Jenny Øvrebø (t.v.) ser fram til at leilegheita blir ferdig, ho skal servere taco til gjester som kjem på besøk. På visninga hadde ho med seg foreldra Stein Erik Øvrebø og Inger Hageberg Øvrebø (lengst til høgre). Egil og Vigdis Johnsen gler seg òg til å flytte inn.

- Vi er ikkje heilt A4, vi skal bu i A5, ler Vigdis og Egil Johnsen. Dei ser fram til å flytte inn i ei ny og og moderne leilegheit i Piletunet ved Hafstadparken i Førde.

- Det skal bli godt å sleppe alt arbeidet med stort hus og hage! Vi har barnebarn som tar over huset, så skulle vi sakne å grave i hagen er det alltids mogleg å hjelpe til der, seier Egil Johnsen.

- Det blir fint å bu her med store grøntområde og så nær elva. Der blir det mange fine turar med hunden, seier Vigdis.

På førjulstreffet møtte dei mellom anna Jenny Øvrebø, som blir ein av dei nye naboane. Ho har gleda seg til å få sjå leilegheita si lenge, og er spent på korleis det blir å flytte inn.
- Det blir fint å få besøk, då skal eg servere taco, fortel Jenny.

IMG_9288 (2).JPG

- Det er kjekt at alt er heilt nytt og fint. Leilegheita ser veldig bra ut, seier Hege Christine Standnes.
- Det blir spennande å flytte inn. Eg likar at det er så sentralt, og så får eg kort veg til skulen, seier Nora som går på Hafstad vgs.

IMG_9291 (2).JPG

- Vi er veldig fornøgde med den nye leilegheita. Vi har allereie selt huset, så no ryddar vi og gler oss til å flytte. Vi har oppgradert ein del, det ser flott ut, seier Anne Margrethe Øvsthus som har kjøpt ei av toppleilegheitene i Loftstova.
- Vi var leie av hage og stort hus, vi har ikkje brukt for det, seier Tor Øvsthus.
- Ungane har flytta ut, men vi må ha plass til at dei kan komme på besøk. Vi ville ha tre soverom og det har vi fått, så dette blir bra, seier Anne Margrethe.

IMG_9275 (2).JPG

- Eg gler meg veldig til å flytte inn. Eg veit at eg får kjekke naboar og så får eg flott utsikt, det har eg ikkje på Flatene der eg bur no, seier Johanne Nord Løland. Ho hadde med foreldra Jobjørn Løland og Ann Therece Nord på visinga. - Eg likar slike arrangement, det var så koseleg med musikk og lys i trea, smiler Johanne.

IMG_9277 (2).JPG

Søskenparet Ronja og Sondre Saltskår Dvergsdal skal dele leilegheit i Piletunet.
- Vi har sett leilegheita, den er kjempefin. Eg likar spesielt godt kjøkkenet, seier Ronja.
- Det er sentralt her, ein fin plass. Og så blir det mykje forskjellige folk som skal bu her. Det blir bra, trur Sondre.

IMG_9300 (2).JPG

Olivia Eide har kjøpt leilegheit i lag med kjærasten Martin Engebø. Ho hadde mamma Christel med på vising. - Eg jobbar på sjukehuset, så då er det nært og fint å bu her. Eg likar at det er nytt, stort og ope. Og så blir det sosialt, eg kjenner fleire av naboane, fortel Olivia.

IMG_9282 (2).JPG

Kjetil Osland har kjøpt seg leilegheit i Finstova.
- Alt er nytt og det er passe stort, synest han. Han hadde mamma Møyfrid med på vising.
- Eg trur dette blir kjempebra. Og så er det fint å komme saman og møte naboane på ein uhøgtideleg måte, seier Møyfrid.

IMG_9292 (2).JPG

Mange av leilegheitene i Piletunet har fått eigarar, men det er framleis nokre få ledige. Er du på jakt etter ein ny heim i Førde finn du flotte leilegheiter i eit triveleg nabolag her. Bustadane i Piletunet skal vere klare for innflytting til våren.

Kontakt seljar Bente Andenæs om du vil ha informasjon eller ønsker ei vising.
Tlf: 908 21 417, e-post: ba@gravdal.no

Liv Grimsbø