Nytt liv til kjøkkenet

Nytt liv til kjøkkenet
DETALJANE TEL: Nye handtak eller knottar kan gi deg eit “nytt” kjøkken!

DETALJANE TEL: Nye handtak eller knottar kan gi deg eit “nytt” kjøkken!

Klar for litt fornying på kjøkkenet? Nye handtak eller knottar kan gi kjøkkenet nytt liv. Stikk innom butikken vår og sjå det store utvalet. Her er mykje tøft!

NY LOOK: Kva med å prøve tøffe handtak i skinn? Dei kjem i ulike fargar.

NY LOOK: Kva med å prøve tøffe handtak i skinn? Dei kjem i ulike fargar.

- Val av handtak kan endre uttrykket på kjøkkenet. Medan det eine handtaket skapar eleganse, kan eit anna gjere kjøkkenet røft, seier leiar for kjøkkenavdelinga, Heidi Ann Endestad.

Ho har eit rikt utval av handtak og knottar i ulike materiale og fargar. No kan du både bruke skinn, tre og  krom – eller gå for det meir grove og rustikke.

– Trendane no er at det skal vere naturleg og gjerne rustikt. Det er mykje grove, mørke handtak i matte materiale. Det går mykje i jordfargar – metall og rust. Det passar godt til mørkbeisa frontar, fortel Endestad.

IMG_7790 (2).JPG

Grovt og rustikk

Følg din eigen smak når du skal innreie kjøkkenet ditt. Om du vil ha det som er i tida akkurat no, bør du gå for metall og rustfarge.

Det er utruleg mange kombinasjonar og valmoglegheiter, men kanskje viktigast av alt – finn det du likar.

– Mitt klare råd er å finne noko du trivast med over tid, framfor å gå for det som er inn akkurat no.  Nokre vil helst ha knottar som nesten ikkje viser, andre veljer svart på kvitt for å skape skikkeleg kontrast. Ein annan variant er å ha overskåp heilt utan handtak og kombinere der med litt kraftige handtak på skåp og skuffer nede. Berre fantasien set grenser her, seier Heidi Ann.

IMG_2640.JPG

Matt og mørkt

IMG_2644.JPG

Til mørkbeisa frontar fungerer det fint med matte knottar eller handtak i tre.

Fekk du lyst til å prøve noko nytt? Stikk innom kjøkkenbutikken vår på Halbrendsøyra 2. Her kan få inspirasjon til smått og stort. Drøymer du om heilt nytt kjøkken, eller kanskje ny benkeplate, vask, eller ventilator? Her finn du det meste – i tillegg til eit stort utval av handtak og knottar.