Fullt hus på Falkenstein
FØRDE
FØRDE
PANORAMA: På Falkenstein har du makelaus utsikt over heile Førde. Her kan du nyte morgonkaffien i fred og ro på ein av terrassane.
LYST OG ROMSLEG: Store vindauge og moderne fargar gjer stova lys og triveleg.
På Falkenstein får du ein heim som gjer kvardagen din enkel, med praktiske planløysingar og rom som er gode å vere i for heile familien. Du kan flytte rett inn utan å måtte tenke på oppussing eller vedlikehald.
KNALL UTSIKT: Betre utsikt gjennom stoveglaset skal du leite lenge etter!
Peiskos
Når haustmørket senkar seg kan du kose deg med varmen og knitringa frå peisen.
Husa er på tre plan. Stove/kjøkken er på hovudplanet i tillegg til ein romsleg gang og toalett. I tredje etasje er det stor tv-stove med utgang til terrassen, to soverom og bad. I første etasje er det to soverom, bad og godt vaskerom.
OPPGRADERT: Huset blir levert med kvalitetskjøkken frå Huseby oppgradert med kjøkkenøy. Kvitevarer frå Miele er inkludert i prisen.
TV-STOVE: I toppetasjen er det ei god tv-stove med utgang til ein stor terrasse. I framkant er det to soverom med fantastisk utsikt.
God plass
Med to stover har huset god tumleplass for heile familien. På terrassen i toppetasjen kan du nyte kveldssola.
Sjå mot stjernene
Takvindauge i trappa gir mykje ekstra lys.
FIRE SOVEROM: Rekkehuset har fire gode soverom. Her i første etasje har du balkongdør rett ut i hagen.
Lekre bad!
Bada har fliselagde golv og lyse baderomsplater på veggane.
Eige vaskerom
Med plass til vaskemaskin og tørketrommel.
TRYGG LEIKEPLASS: Dei minste leikar trygt like utanfor døra. Er du glad i skog og mark er det berre å snøre på seg skoa og legge i veg.
Husa har mange fine kvalitetar: Golva har eikeparkett og trappa frå Stryntrappa er med trinn i eik. Flis i entré, på bad og vaskerom. Alle husa i B7 er klargjort for Smarthus.
LYST OG LUFTIG: På Falkenstein er det lett å trivast for store og små.
FULL OVERSIKT: Fantastisk utsikt over heile Førde sentrum er inkludert i prisen.
Bad underetasje: 6 stk. LED-spottar i himling.
Gang, stove/kjøkken og TV-stove oppgradert med 19 – 21 spottar i himling.
Kjøkken: 1 stk ledlys-list under kjøkkenskap.
Hovudbrytar for lys i stove og kjøkken.
Oppgradering stikkontakter og el-tavle med svakstrømsfelt.
Varmekabel i gang/trapperom plan 1.
Inngang utvendig: 1 stk utelampe.
Utvendige balkongar: 1 stk utelampe + stikkontakt. På balkong i front er det i to spottar i staden for utelampe.
Ved balkongdør i U-etasje: 1 stk utelampe + stikkontakt.
Røykvarslar med batteri og tilkopling for 230 V følgjer med i kvart rekkehus. 1 stk i kvar etasje, seriekopla.
1 stk frostfri utekran ved inngang til kvart rekkehus.
Sanitærutstyr: Servantbatteri, dusjhjørne, takdusj HG 360, vegghengt toalett Duravit, opplegg for vaskemaskin.
Klargjort for Smarthus.
Overlevering etter avtale.
Bustaden betalast ved overtaking.
Låge omkostningar (totalt kr 22.472,-)
Kommunenr: 1432
Gardsnr: 21
Bruksnr: 678
Bente Andenæs
Tittel: Seljar bustadprosjekt
Område: Sogn & Fj.
Mobil tlf: 90 82 14 17
E-post: ba@gravdal.no