Falkenstein
Førde
Førde
Alle leilegheitene i dette prosjektet er no selde
På Falkenstein bur både store og små i gangavstand til alt av sentrumsfunksjonar i Førde, samstundes som husa ligg fredfylt plassert med ei fantastisk utsikt (sjå video under). Bustadene har to store terrassar, der den eine er overbygd og kan gje rom for å byggje ein vinterhage for dei som ønskjer det. Husa har to integrerte carportar og godt med bodplass. Husværa har ei stor og romsleg stove og kjøkken på andre plan, og tre gode soverom. Nokre av husa kan byggast med eit fjerde soverom – eller ein kan få seg ei koseleg loftsstove.
Fakta om bustadane
Fasilitetar
Aircondition/ventilasjon
balkong/terrasse
garasje/P-plass
turterreng
Gode kvalitetar
Kjøkken
Sigdal kjøkken i kvit farge, type UNO eller tilsvarande.
Overflater
Måla gipsplater, kvitmåla listverk, innvendige dører er formpressa lettdører med kvit glatt overflate. Alle tørre golv i leilegheitene er levert med eikeparkett. På golv i bad/vask er det lagt flisar.
Garderobe/bad
Combi garderobeskap str. 100 cm kvit pr. sengeplass.
Sanitær
Sjå leveransebeskriving under Tekniske anlegg.
Elektrisk
Sjå leveransebeskriving
Uteplass
Koseleg leike- og samlingsplass internt i feltet og eigne gjesteparkeringsplassar.
Nærmiljø
Nær alt, Falkenstein ligg i gang- og sykkelavstand til alle fasilitetar: barnehage, skule, butikk, sentrum.
Tomannsbustad B
På inngangsplanet har ein alle funksjonar som kjøkken, stove, soverom og bad. Desse har dermed livsløpsstandard. Ein har ein god terrasse i tillegg til uteplass ved inngangspartiet. Utgang til privat hage. Det er rikelig med plass for oppbevaring på alle soveromma.
Eit funksjonelt og framtidsretta prosjekt med ein moderne profil.