- Førde treng Studio K43
- Vi prøver å bygge ein by, og då må Førde ha ulike bustader å tilby.
I Studio K43 blir det kult å bu, seier arkitekt Bjørn-Are Vollstad.
- Bygg som Studio K43 gir god fortetting av sentrum og er med på å dyrke den urbaniteten vi håpar å ha i Førde, seier arkitekt Bjørn-Are Vollstad. Han har utnytta kvar kvadratmeter i studioleilegheitene svært effektivt. Dei breie vindauskarmane fungerer som trivelege sitteplassar. Det er spesialdesigna trapp til hemsen og i ein del leilegheiter er det røffe betongveggar. Alle leilegheitene har eiga bod.
Så langt er ni av dei 15 leilegheitene selde. Bygget blir liggjande sentralt plassert i Førde, i kryssen mellom Kyrkjevegen og Angedalsvegen. Rundt 1. juni 2020 blir spaden sett i jorda.
Arkitekt Vollstad er spent på å sjå bygget ferdig.
Han meiner leilegheitene, som er på rundt 30 kvadratmeter, har gode romlege kvalitetar.
- Entreen og badet er litt vekkgøymde, funksjonelle areal, men når du kjem inn i opphaldsrommet med den takhøgda og store vindaugsflater vil du få ei oppleving av at rommet veks! For å skape volum og atmosfære har vi og gjort veggen til eit møbel. Det blir flott å sitte der i den breie vindaugskarmen og sjå på utsikta, seier Vollstad.
Arkitekten veit at mange er litt skeptiske til hems, sjølv ser han på det som ein opplevingsfaktor.
- Du kan opphalde deg både høgt og lågt i rommet. Med hems får du brukt arealet dobbelt, det tel ikkje som ekstra kvadratmeter men du får i praksis eit ekstra rom. Eg hadde likt å sove på hemsen, det er ein krok å trekke seg tilbake til, men samstundes har du utsikt og oversyn, seier Vollstad.
- Det har vore utruleg spennande å jobbe med studioleilegheitene! Eg kunne godt tenke meg å bu der sjølv, dersom familiesituasjonen hadde tillate det, seier småbarnsfar Vollstad.
Leilegheitene passar gjerne ikkje så godt til ein barnefamilie, men for den som skal inn på bustadmarknaden for første gong, studentar, pendlarar - eller som ei hytte i byen kan dette vere ei perfekt løysing.
Sjå kva leilegheiter som er ledig her: https://www.gravdal.no/bustader/studiok43
Arkitekten er glad for at det no er selt nok leilegheiter til at prosjektet blir realisert.
- Førde er klar for studieleilegheiter, eg kan ikkje forstå noko anna. Så lenge det finst enkeltpersonar med behov for å bu, må dette vere eit godt alternativ. Ei studioleilegheit er ei perfekt buform for ungdommar eller vaksne som ikkje har etablert familie – til dømes dei som har vore ute og studert og som vi gjerne vil hente heim, seier Vollstad.