Fargefest på kjøkkenet
Rosa, svart, oransje eller grønt. No skal det gjerne vere fargerikt på kjøkkenet.
- No er det inn å leike med fargar, og det har vi gjort her i den nye kjøkkenbutikken vår òg. Her er det lett å orientere seg i ulike løysingar, modellar og fargekombinasjonar. Vi har mykje spreke fargar å velge i, seier Margrethe V. Kalstad.
Den tipp-topp moderne butikken er på heile 300 kvadratmeter, her er det berre Sigdal-kjøkken som gjeld.
- Vi må kunne seie at dette er Førdes mest moderne kjøkkenbutikk! Den største skilnaden er at vi no kan vise kunden kjøkkenmodellane i butikken, før måtte dei plukke frå katalog, seier Leif-Helge Birkeland.
Sigdal har utvikla konseptet TecLab, der ein kan sjå heile katalogen digitalt på ein touch-skjerm.
- Her blar du deg enkelt gjennom katalogen og kan sjå kjøkkenmodellar i ulike fargar, utvalet av vaskar, blandebatteri, kvitevarer osv, fortel Leif-Helge.
På denne måten kan den som ønskjer det enkelt orientere seg i mylderet av modellar og kombinasjonar på eiga hand. Den som vil ha litt rettleiing får kyndig hjelp av dei tre interiørkonsulentane våre Heidi Ann, Margrethe og Leif-Helge. Til saman har dei 50 års erfaring med kjøkkendesign og steinplater!
- Vi har lang og god kompetanse i å designe både små og store kjøkken, her får kundane det akkurat slik dei vil ha det. Det er kjekt å kunne vise heile utvalet av nye og moderne modellar i butikken, i tillegg til smarte oppbevaringsløysingar og integrerte tekniske duppedittar, seier Heidi Ann.