Hjort og gjøgling på menyen

BEST: - Hjortekjøt er verdas beste, slo Johan Trygve Solheim fast. Med yndlingskniven i handa parterer han hjorten i ein fei.

BEST: - Hjortekjøt er verdas beste, slo Johan Trygve Solheim fast. Med yndlingskniven i handa parterer han hjorten i ein fei.

Johan Trygve Solheim ved Norsk hjortesenter på Svanøy brenn for hjort og alt som har med hjort å gjere! Det fekk alle som deltok på viltkvelden i kjøkkenbutikken vår erfare.

Det var fullt hus då vi inviterte til viltkveld i kjøkkenbutikken vår på Halbrendsøyra, og der var Solheim eit trekkplaster for mange. Han har millionar av treff på Youtube og reiser land og strand rundt med foredrag om hjort og alt hjorten kan brukast til, og då meiner han heile dyret! I tillegg til å ause av sin kunnskap delte han ut gode råd og tips samstundes som han parterte eit hjortelår på 1-2-3. På første benk sat damene og noterte ivrig.

IMG_3111 (2).JPG

- Eg tok turen frå Florø for å høyre på Solheim, og det var lærerikt. Sist eg prøvde meg på å partere fekk eg det ikkje til, fortel Signe Norvik. Ho fekk òg smakebitar frå ulike delar av hjorten - både indrefilet, skank og hjorten sine edlare delar. - Mykje godt og spennade, seier Nordvik.
Her får ho servert smaksprøver av Bjarte frå Miele.

IMG_8821 (2).JPG

- Ein slik kveld er høgaktuell og veldig inspirerande for oss. Vi flyttar snart inn i ny leilegheit i Piletunet og har ikkje valt kvitevarer enno. Å høyre og sjå desse ekspertane presentere sine produkt er verdifullt, seier Roy Raasholm Fauske.

Kona Turid Ness er einig: - Dette var eit arrangement som gav meirsmak! Vi har fått masse gode tips og nyttig informasjon. Og så likar eg at det skjer i ei sosial setting, det blir annleis enn å springe rundt på dagtid. Vi har fått mykje å tenke på, seier ho.

Og det store spørsmålet er: Skal dei legge nokre tusenlappar ekstra i potten for å få ein dampomn, eller ikkje?

IMG_8833 (2).JPG

Leverandørane våre, stilte med sine ekspertar for å fortelje og demonstrere siste nytt av teknikkar og nyvinningar på kvitevare-fronten. Dei var imponerte over kor stor interesse det var for arrangementet.

- Det skjer ei veldig utvikling på kvitevarefronten, og det kjem meir. No er det mykje fokus på konservering og korleis ein kan unngå svinn. Her er det mange nye moglegheiter som folk gjerne ikkje kjenner til, seier Morten Bratshaug frå Smeg (i midten).

- Vanlegvis er det dei som jobbar i butikkane vi har kontakt med, det er kjekt å møte kundane som skal ha produkta våre og høyre om deira behov, seier Bjarte Rishaug frå Miele (t.h.).

- Her kjem både potensielle kundar, og folk som vil vite meir om produkt dei har kjøpt, veldig positivt, seier Bernhard Nakken frå Siemens.

IMG_8808_1.JPG

- Eit heilt fantastisk arrangement, seier Leni Endestad frå Eikefjord (t.h.).
- Vi har akkurat kjøpt nytt kjøkken, så vi har plukka med oss tips og fått forklart ein del småting. Veldig nyttig, og så var det artig å høyre på Solheim frå hjortesenteret - for eit fyrverkeri av ein fyr, seier Endestad. Mannen, Jan Olav, er jegeren i familien.
- Eg merka meg at ein ikkje skal hive noko av hjorten, det har vi gjort, vedgår han.
T.v. Heidi Ann, leiar for kjøkkenbutikken.

IMG_8810 (2).JPG

- Det var inspirerande å høyre om at hjortekjøtet kan brukast på så mange måtar, mange spennande smakar, seier Karen Mari Eide frå Førde.
- Eg hadde ikkje kjennskap til alt ein kan gjere med desse nye omnane. Så det spørs om eg ikkje må ut og handle etter kvart.

IMG_8828 (2).JPG

Berit Marie Viken nytta sjansen til å få gode tips om Miele-produkt. - Eg har nett flytta og treng nytt kjøkkenutstyr. Eg skulle eigentleg hatt ein ny omn, men no er eg meir freista til å kjøpe meg ei oppvaskmaskin. Den der har alt eg treng, ler ho.

IKKJE AKKURAT KAMSKJELL: Dei tøffaste fekk prøve seg på litt meir spesielle ting. I følge Kurt Oddekalv er det visst respektlaust å ete dette. Johan Trygve Solheim meiner det er respektlaust å ikkje ete dei - testiklane.

IMG_8818 (2).JPG

Edgar Endestad er ivrig hjortejeger og ber med seg eit prakteksemplar på underarmen.
- Dette har vore veldig interessant! Det er mykje av kjøtet eg ikkje har brukt før, men vi har jo fått smake at det kan vere utruleg godt. Vanlegvis er det ytrefilet og biff som har gått på grillen, no skal eg heim og teste ut andre ting.
Det var òg ein del spennande nye kvitevarer her eg må vurdere å skaffe meg.


Liv Grimsbø