Går for stein ved grustaket

Grustaket på Hafstadflata minkar og har gitt rom for eit stort og flott administrasjonsbygg. Før fasaden er heilt ferdig skal den utsmykkast med felt av perforerte stålplater.

Grustaket på Hafstadflata minkar og har gitt rom for eit stort og flott administrasjonsbygg. Før fasaden er heilt ferdig skal den utsmykkast med felt av perforerte stålplater.

Hafstadfjellet speglar seg i fasaden på det nye administrasjonsbygget til Magne Hafstad i Førde. Entreprenøren jobbar mykje med stein, og det viser godt igjen på nybygget.
- Bygget blir steintøft, seier prosjektleiar Roald Ask i Gravdal Bygg.

IMG_9770 (2).JPG

Den utvendige fasaden er av slipt og polert stein.
- Dette blir blankt og fint når det blir vaska, lovar prosjektleiar Roald Ask.

A72-101 Illustrasjon.jpg

Det er arkitektane hos Xform som står for utforminga av administrasjon- og verkstadbygget.
Gravdal Bygg vann konkurransen om byggeoppdraget.

- Klart det er stas at vi vann byggekonkurransen. Det blir eit fantastisk flott bygg med høge kvalitetar, seier prosjektleiar Roald Ask i Gravdal Bygg. Han styrer arbeidet på byggeplassen.

Ask er ikkje så reint lite stolt når han viser rundt i bygget, som er på 1000 kvadratmeter.
Sjølve fasaden er dekt av svart slipt og polert stein . Inngangspartiet er forma som ei fjellsprekk
i naturstein som går innover i vestibylen.
- Her blir det høgt under taket, store glasflater og ein spesiell takhimling med spiler i eik.
Golvet i administrasjonsdelen blir i slipt og polert betong som får fram steinstrukturen,
det blir nesten som marmor, fortel Ask.

IMG_9728 (2).JPG

Det er mykje å passe på i byggeprosessen. Roald Ask har god tone med Roy Magne Engebø hos underentreprenør Jølster Betongbygg, som har ansvar for betongarbeidet.

Utvendig er det ikkje så veldig mykje som står igjen før bygget er klart. Innvendig vert det jobba
for fullt for å få bygget ferdig i april 2020. I tillegg til administrasjonsdelen med stor kantine,
er det tre hallar: lager-, verkstad- og vaskehall på baksida av bygget.

IMG_9731 (2).JPG

Her skal det bli lys og fin kantine med store glasflater og flott kjøkken.

A72-109 Illustrasjon interiør (3).jpg

Røft og tøft

A72-109 Illustrasjon interiør (2).jpg

Stilig resepsjon

IMG_9755 (2).JPG

I vaskehallen blir det
ti meter under taket.

IMG_9763 (2).JPG

Set farge på lagerhallen.


IMG_9775 (2).JPG

I april 2020 kan Magne Hafstad og dei tilsette flytte inn i nybygget på Hafstadflata i Førde. Her blir det lyse og lekre lokale.
Gravdal Bygg ønskjer seg fleire slike byggeoppdrag!

Liv Grimsbø