Teiknar nabobygget til ZIK-ZAK
PÅ TEIKNEBRETTET: Her ser arkitektane Klaus Bo Christensen og Egle Adomaviciute bort på nabotomta til ZIK-ZAK på Falkenstein i Førde. Dei er i full sving med å teikne bygget som vil romme rundt 30 leilegheiter. ZIk-ZAK har vorte eit signal-bygg i Førde, dei to er overtydde om at dei skal få til eit like spennande resultat for neste bygg.
Terrasseblokka ZIK-ZAK vart kjempepopulær og er for lengst utseld. No jobbar arkitektane med eit søsterbygg på nabotomta. - Det blir ikkje likt, men får dei same kvalitetane: Fantastisk utsikt, flotte terrassar og stor takhøgde, fortel arkitekt Klaus Bo Christensen. Interessert? Skriv deg på liste no!
I januar var arkitektane frå Bergen på synfaring i ZIK-ZAK, og vart svært begeistra over resultatet: - Førdes flottaste leilegheiter, konkluderte dei. No er dei i full sving med å teikne leilegheiter på nabotomta, B9, som er den siste i feltet.
Her blir det rundt 30 flotte leilegheiter i mange ulike størrelsar.
- Fjellsida over Førde er ideell for terrasseblokker. Det gjeld å finne løysingar som står til dei andre bygga i feltet. Dette skal bli veldig bra, seier arkitekt Klaus.
FIKS FERDIG: No har alle bebuarane flytta inn i ZIK-ZAK og kan sjå fram til å nyte vårsola på dei fantastiske terrassane sine. På sikt får ZIK-ZAK eit søsterbygg på nabotomta.
GOD STEMNING: Gravdal-sjef Bodil Kidøy Lunde (i midten) viser stolt fram resultatet på Falkenstein. No gler ho seg til å sjå kva arkitektane teiknar på den siste tomta. - Vi har sett nokre grove skisser, og eg er sikker på at dette blir knallbra!