Cohousing – ein meir sosial måte å bu på

Stadig fleire føler seg einsame, og måten vi bur på påverkar dette meir enn vi trur. Arkitekten Grace Kim ønskjer å skape bumiljø som motverker dette, til dømes cohousing: Ei buform som gir kvar bebuar sin private bueining, som er din eigen sfære å trekke deg tilbake til, kombinert med gode fellesareal som blir sosiale møteplassar. Å skape sosiale bumiljø er blitt sentralt for Gravdalgruppa når vi planlegg nye bustadprosjekt.

I Parken Bustadtun i Hafstad bydel i Førde er bumiljøet utforma basert på dei sosiale klyngetuna som var sentrale i det tidlegare bondesamfunnet.

Snart kjem vår nye terrasseblokk Zik Zak for sal på Falkenstein i Førde.

Her tek vi filosofien om cohousing endå lengre , og set av fleire rom i blokka til møteplassar. Inngangspartiet er tenkt som ein møtestad mellom naboar, over ein kopp kaffi. Vi legg også inn andre fellesrom, for å for å skape samlingspunkt. Og ei gjesteleilegheit, som vitjande familie og vener kan leige. Vi trur dette gir godt bumiljø, og legg grunnlaget for sosialt naboskap.

Sjå foredraget «how cohousing can make us happier and live longer» med Grace Kim, og la deg engasjere."

Gasta Design