Endeleg er stasjonen klar!
Dei tilsette i brann- og ambulansetenesta på Dalsøyra har venta lenge på å få ein funksjonell arbeidsplass. No har dei tatt den nye stasjonen i bruk.
Gravdal Bygg vann konkurrasen om å få bygge stasjonen, og no er jobben fullført.
Nybygget er på to etasjar. På bakkeplan er det garasjar, garderobar og treningsrom. Oppe er det kjøkken/opphaldsrom, fleire kontor, soverom - den flotte terrassen.
Det blir ein ny kvardag for dei tilsette som har halde til i stusselege lokale. Ambulansetenesta har hatt sine lokale i ei kjellarleilegheit, medan brannstasjonen var i ein kjellar på skulen. Den nye stasjonen ligg like bak bu- og omsorgssenteret, med flott utsikt over fjorden.