Gravdalgruppa

View Original

- Hadde digga å bu i Studio K43

Studio K43 er noko nytt i Førde: prisgunstige, urbane studioleilegheiter med smarte romløysingar og hems. Er Førde og førdianarane klare for det?

LIKAR DET DEI SER: Vennegjengen Jon Atle Rise (t.v), Jostein Vedvik, Tiril Sæterlid og Dina Kristin Tjønneland finn mange tøffe kvalitetar ved Studio K43.

- Så utruleg kul design! Dette er perfekt for ein eller to personar. Eg hadde digga det. Eg bur i Drammen no men skal tilbake til Førde, så kven veit? seier Jostein Vedvik.
Vennegjengen Jon Atle, Jostein, Tiril og Dina trur det hadde vore fint å bu slik for ein periode, og ein ting er dei einige om: - Det ser dritbra ut.
- Viss eg var singel og hadde pengar, kunne det vore aktuelt, seier Tiril Sæterlid.

Det er fem leilegheiter per etasje. Alle leilegheitene har djupe vindaugskarmar med sitteplass og stor hems med spesialdesigna trapp. Ein del leilegheiter har røffe betongveggar. I 4. etg blir det stor fellesterrasse med flott utsikt og mykje sol.

– Er Førde klar for studioleilegheiter?
-
  Ja, det er jo ein by! Eg veit om fleire som ville likt å bu slik. Og plasseringa like ved Førdehuset er gull, meiner Vedvik.

Så langt er ni av dei 15 leilegheitene selde, rundt 1. juni 2020 blir spaden sett i jorda.

Sjå kva leilegheiter som er ledig her: https://www.gravdal.no/bustader/studiok43

- PERFEKT FOR EIN: Anja (t.v.) , Linda og Malin Birkeland har sans for studioleilegheitene.

–   Oj, så stilig! seier søstrene Anja (22) og Malin Birkeland (19) i kor.
- Det er kanskje litt lite, men fint. Perfekt om ein skal bu åleine og det ikkje skal koste altfor mykje, meiner Anja.
- Eg hadde lett forelska med i ei av dei leilegheitene der viss eg var ung igjen, ler mamma Linda. - Det var omlag så stor plass pappa og eg hadde då vi vart i lag, seier ho til døtrene.

- PRAKTISK OG KOSELEG: Hanne Lovise Johansen (t.v.) og Ingeborg Krogsæter hadde ikkje takka nei til ei studioleilegheit.

Ingeborg Krogsæter frå Karmøy og Hanne Lovise Johansen frå Farsund er elevar ved Sunnfjord folkehøgskule og er vande med å klare seg med litt mindre plass.
–  Det ser praktisk ut. Sjå trappa, den var sjukt kul. Og så fint å kunne liggje i senga og sjå på stjernene, seier Ingeborg.
–  Eg likar sitteplassen i vindauget, veldig koseleg. Men korleis er det med oppbevaring…? Åja sjå her, du har eiga bod, då er det heilt greitt, meiner Hanne Lovise.

- Kunne de budd i ei slik leilegheit?
–  Det er litt uvant med hems, men det er sikkert ok når du blir vand med det, meiner Ingeborg.
- Eg kunne gjerne budd slik, men har ikkje råd til det no, seier Hanne Lovise.

- Veldig praktisk og kul design, meiner Kine Straume Skagen.
Sjølv har ho to viltre gutar saman med Øystein Skagen, så familien treng meir plass enn ei studioleilegheit.
- Men dette er eit butilbod det er rom for i Førde, meiner dei.

SENTRALT: Plassert i krysset Kyrkjevegen/Angedalsvegen betyr at du få minutt frå både sentrum, sjukehuset og høgskulen dersom du bur i Studio K43.

Studioleilegheitene er på rundt 35 kvadratmeter inkludert bod, i tillegg får du ein romsleg hems på 12 eller 14 kvadratmeter. I endelegleigheitene er det vindauge ved kjøkkenet og luftevindauge på hemsen. I toppetasjen er det mogleg å få takvindauge i tillegg.