Gravdalgruppa

View Original

SKATTEJAKTA I GRAVDALSHOLTEN

FANN OG VANN: Alle desse tre små gule er no spora opp og tre heldige vinnarar er blitt 1000 kroner rikare.

Anleggsmaskiner må til for å opparbeide eit tomtefelt. Vi gøymde desse tre miniatyrutgåvene i tomtefeltet Gravdalsholten i Førde, og lova ut tre gåvekort på 1000 kroner til finnarane. No er maskinene funne og dette er finnarane med falkeblikk: Kasper Olai Menes, Benjamin Engebø og Ailo Fugle Russenes.

PANORAMA: Utsikta frå Gravdalsholten er upåklageleg, her har du ein unik sjanse til å skaffe deg ei tomt med Førdes beste utsikt! Vi håpar mange vil ta turen opp og sjå seg om.

Om du kom for seint til skattejakta er det likevel ingen bomtur å ta seg ein runde i Gravdalsholten. Her har du panoramautsikt over heile Førde. For å komme til Gravdalsholten køyrer du forbi Slåttebakkane på E39 i retning Bergen. På Reset tar du av til høgre og følgjer vegen til endes (forbi Nortura sitt anlegg).

BU HER? Ved inngangen til feltet finn du ein postkasse med informasjon om området og ledige tomter. Det er berre å forsyne seg!

FIKS FERDIG: Tomtefeltet er flott opparbeidd med murar og ferdig asfaltert veg.

Vi takkar for at så mange - både store og små - ville delta i skattejakta og for alle gode tilbakemeldingar på det flotte tomtefeltet. Her kan du bu fritt og fint over Førde, med kort avstand til alt av tilbod i sentrum og til flotte opplevingar i skog og på fjell.

VIL DU VITE MEIR? Ta kontakt med Bente Andenæs på tlf: 908 21 417 eller epost: ba@gravdal.no