Gravdalgruppa

View Original

Her går jobben som ein leik!

SPENNANDE PROSESS: Massivtre er i vinden. Gravdal Bygg sikrar ny kompetanse innan miljøretta husbygging gjennom oppdraget med å bygge omsorgsbustader for Stad kommune på Eid.

- Det blir som å bygge Lego. Veggar i heiltre kjem ferdig som byggesett, det er berre å skru det i hop, fortel byggeplassleiar Kay Arne Kalstad. Gravdal Bygg er i ferd med å bygge sitt første prosjekt i massivtre på Eid, og her ser ein raske resultat!

Arbeidet med monteringa starta etter sommarferien, i veke 33, i veke 41 skal det vere ferdig montert. Då skal innerveggar og tak i tre bustader, bufellesskap og administrasjonsbygg vere på plass.

- Dette er eit spennande prosjekt for oss. For at denne byggemetoden skal fungere optimalt må alle detaljar vere på plass før ein startar byggearbeidet - heilt ned til plasseringa av stikk-kontaktane. Då unngår vi mykje trøbbel undervegs og det blir lettare å styre både kostnader og framdrift, seier prosjektleiar Asgeir H. Furnes i Gravdal Bygg.

I tillegg til at konstruksjonen blir solid og sjølvberande, gir byggemetoden godt inneklima.

To tredelar av innerveggane i omsorgsbustadene på Eid vil få synleg massivtre.

Gravdal Bygg vann konkurransen om å få bygge dei 11 omsorgsbustadene og administrasjonsbygg på til saman 1800 kvm like ved sentrum på Nordfjordeid. Kontrakten er på ca. 53 millionar kroner.

Stad kommune ønskte at det skulle nyttast massivtre i prosjektet.

- Vi ønskjer å framstå som ein kommune som tar miljø på alvor. Massivtre gir lågare CO2-avtrykk og er meir miljøvennleg. Det er ikkje mange bygg av denne typen her i distriktet, så dette kan vere med å utvikle både oss og byggenæringa, seier Torfinn Myklebust, prosjektleiar i Stad kommune.

Det er litt tidleg å hauste erfaringar, men han konstaterer at det går raskt å få bygga opp.

- Vi ser det òg som ein fordel at dette blir robuste einingar som tåler ein trøkk. Vi byggjer for brukarar som treng spesiell oppfølging. Massivtre tåler hard bruk, og vi håpar at valet av byggemetode på sikt skal gi oss lågare vedlikehaldskostnader, seier Myklebust.

Å bygge i massivtre utløyser òg stønadsordningar. Kommunen har fått tre millionar kroner frå sentralt hald til prosjektet.