Mykje liv og (svele)røre!
Hundrevis av sveler og konkurranse for store og små. Det var full aktivitet
på standen til Gravdalgruppa i samband med Bystien Førde Opp.
Sentral plassering, hammerslag og herleg duft av nysteikte sveler lokka mange til Gravdalgruppa sin stand ved Langebrua. Leif-Helge Birkeland stod for storproduksjonen av sveler. Den spesielle steikeplata Teppan Yaki fungerte ypperleg til føremålet. Ei slik plate var også premien i Gravdal-Quizen der fleire hundre prøvde seg på å finne riktige svar.
Inn i mellom premieutdeling og kaffiservering fekk dagleg leiar Bodil Kidøy Lunde tid til å presentere både tomter og leilegheiter til potensielle kjøparar.
Etter ein klissvåt start på dagen, vart himmelen lettare og det var gløtt av sol. Kjekt for både arrangørar og publikum!
BANK-BANK: Spikre-konkurransen var eit populært innslag for dei minste.