Gravdalgruppa

View Original

- Heilt topp å bu i Mallasvika

- Eg trivst verkeleg godt. Det er heilt topp å bu i Mallasvika, seier Ingvild Røyrvik (71). Ho har brukt seinsommaren på å finne seg til rette i sin nye heim, få minutt frå Naustdal sentrum.

HELDIG DAME: Tenk å vakne til denne utsikta kvar morgon! Ingvild Røyrvik har ikkje angra på at ho kjøpte seg leilegheit i Mallasvika Panorama.

- Her skal eg bu lenge! Eg håpar eg får bli buande i Mallasvika til dei må bere meg ut, ler Ingvild Røyrvik.

Frå ende-leilegheita si i Mallasvika Panorama har ho eventyrleg utsikt over Førdefjorden, og på ein vakker solskinsdag kan ho verkeleg gle seg over utsikta - ikkje berre frå ein, men to romslege overbygde balkongar.

- Det er blitt kjempebra, eg er fornøgd med alt. Snikkarane har berre gjort ein fantastisk jobb! Her er det deilig og solfyllt frå morgonen til kvelden kjem. Eg er fødd og oppvaksen i Naustdal og visste at utsikta i Mallasvika er veldig fin, det betyr mykje. Eg har budd med utsikt til vatn eller sjø heile mitt vaksne liv. Om det er storm og styggever eller blikkstille, er det alltid noko å sjå på, fortel Ingvild.

Ho vart åleine med eigedom og stort hus i Eikefjord då mannen døydde for fire år sidan, og fann fort ut at det var på tide å selje.

- Eg ville heim til Naustdal. Her har eg barn, barnebarn og mor mi på snart 94 år som bur åleine og treng hjelp. Eg var på jakt etter ei leilegheit som var så stor at eg fekk plass til det meste av tinga eg hadde - men plass til alt vart det sjølvsagt ikkje, ler Ingvild. Ho har brukt dei siste vekene til å få på plass koppar og kar i nye skap og hyller.

- No er dette heimen min og eg trivst verkeleg godt. Alt er nytt og lettvint, det er kort avstand til både buss og sentrum. Dessutan er det flotte turområde eg skal nytte meg av, fortel Ingvild som er glad i å gå i fjellet.

- Vi jobba mykje med kjøkkenløysinga, og resultatet vart kjempebra. Eg har fått mykje hjelp frå dottera mi Heidi som som jobbar i Sigdal-butikken til Gravdal. Ho har vore konsulent og god å ha å diskutere med, fortel Ingvild. Ho landa på fargen Organic Red på kjøkkenveggen, ellers i den opne stove/kjøkkenløysinga har ho brukt fargen Kalk.

- Eg likar at det er lett tilkomst til leilegheita, det betyr mykje for eg blir ikkje yngre. Ideelt sett burde eg gjerne valt noko på eitt plan, men eg kan få trappeheis når den tid kjem, seier Ingvild.

I hennar leilegheit er det gang, toalett og kombinert stove/kjøkken i hovudetasjen. I underetasjen er det to soverom, bad og ei praktisk og romsleg bod under trappa.
Og på toppen kjem dei flotte balkongane med fantastisk fjordutsikt.
Om morgonen kan ho stå opp av senga og rusle rett ut på balkongen.

- Det er veldig kjekt med to balkongar, då kan eg òg få hengt ut klesvasken til tørk under tak, seier Ingvild.

Den spreke 71-åringen har også gjort ei anna investering ho håpar å få mykje glede av framover.

- Eg har kjøpt meg El-sykkel. På den har eg tenkt å ta meg turar opp gjennom dalen. Eg har mykje kjentfolk i Naustdal, eg må berre få tatt opp igjen kontakten.

Har du lyst til å bli naboen til Ingvild?
Kontakt oss for meir informasjon!

SOM EIT POSTKORT: Fjord og fagre fjell, det er ikkje mykje å utsetje på utsikta frå Mallasvika Panorama.