Gravdalgruppa

View Original

Hjort og gjøgling på menyen

BEST: - Hjortekjøt er verdas beste, slo Johan Trygve Solheim fast. Med yndlingskniven i handa parterer han hjorten i ein fei.

Johan Trygve Solheim ved Norsk hjortesenter på Svanøy brenn for hjort og alt som har med hjort å gjere! Det fekk alle som deltok på viltkvelden i kjøkkenbutikken vår erfare.

Det var fullt hus då vi inviterte til viltkveld i kjøkkenbutikken vår på Halbrendsøyra, og der var Solheim eit trekkplaster for mange. Han har millionar av treff på Youtube og reiser land og strand rundt med foredrag om hjort og alt hjorten kan brukast til, og då meiner han heile dyret! I tillegg til å ause av sin kunnskap delte han ut gode råd og tips samstundes som han parterte eit hjortelår på 1-2-3. På første benk sat damene og noterte ivrig.

IKKJE AKKURAT KAMSKJELL: Dei tøffaste fekk prøve seg på litt meir spesielle ting. I følge Kurt Oddekalv er det visst respektlaust å ete dette. Johan Trygve Solheim meiner det er respektlaust å ikkje ete dei - testiklane.