Gravdalgruppa

View Original

No er vi Miljøfyrtårn!

HØGTIDELEG OVERREKKING: Ordførar Jenny Følling kom på besøk med det synlege beviset på at Gravdalgruppa no er klassifisert som Miljøfyrtårn. Bodil Kidøy Lunde og Asbjørn Osland var stolte mottakarar av utmerkinga.

- Dette er ei fjør i hatten for Gravdal, sa ordførar Jenny Følling då ho overleverte plaketten som viser at Gravdalgruppa no kan kalle seg eit Miljøfyrtårn.

Å vere ei Miljøfyrtårn-bedrift stiller krav til oss angåande avfallshandtering, energireduserande tiltak, gode HMS-rutinar, miljøkrav ved innkjøp og miljøfokus ved transport. Sertifiseringa gir konkrete verkty for miljøleiing, som gjer det enklare å lykkast med ei grøn omstilling.

- Det blir stadig større fokus på miljø og berekraft. Vi ser Miljøfyrtårn som eit viktig samfunnsengasjement, seier Gravdal-leiar Bodil Kidøy Lunde. Både ho og Asbjørn Osland ser fram til å jobbe vidare med viktige miljøtiltak framover.