Gravdalgruppa

View Original

Ein barnehage å vere stolt av!

Gravdal Bygg vann oppdraget med å bygge Spildepollen barnehage på Sotra. Arkitekten har sett for seg at bygget femner om dei små som to trygge hender. Det fall i smak!

LUN FAMN: Det er mykje ver og vind på Sotra. Løysinga vår har eit atrium i byggets kjerne med gode overbygde areal der ungane kan søke ly i ruskever. Samstundes er det lett å halde auge med dei små.

Arkitekt Børje Sundt Laastad frå arkitektfirmaet Lund & Laastad har teikna ein barnehage han vil at både born og tilsette skal bli stolte av.
Kvar avdeling får sin farge, og med alt på eitt plan er det lett å orientere seg og halde oversikt. Store vindauge gir mykje lys og fasaden er vedlikehaldsvennleg.

- Det er utruleg kjekt at kommunen likte vårt konsept, og i tillegg var vi best på pris, seier Sverre M. Stensæth, dagleg leiar i Gravdal Bygg. Han fortel at byggjearbeidet startar i april 2020, og etter planen skal dei første borna kunne ta i bruk barnehagen til hausten neste år.

Bygget er konstruert med tanke på sambruk og fleksibilitet.Det er relativt lik avstand frå alle avdelingene til allrommet og kjøkkenet, der det er egen inngang med tanke på utleige. Bygget er løyst slik at det er lett å bevege seg rundt mellom avdelingane.  Det er lagt til rette for at ungane kan delta i matlaging både på avdelingane og på hovudkjøkkenet.