Gravdalgruppa

View Original

Kakefest for ny barnehagen

Når den nye barnehagen i bygda skal ha offisiell opning, må det sjølvsagt feirast med kakefest og snorklipping. Laurdag 1. februar var det fullt hus i Våge barnehage.

GOD STEMNING: Fint pynta førskuleborn stod for den offisielle opninga av den nye barnehagen på Våge laurdag 1. februar, saman med Sigfrid Sande. Lengst til høgre, stolt styrar Vigdis Øen Åsnes.

- Her var fullt hus og kjempebra stemning! Det er kjekt for store og små å komme på plass i den nye barnehagen, seier styrar Vigdis Øen Åsnes.
Det var Gravdal Bygg som fekk oppdraget med å bygge barnehagen og både dagleg leiar Sverre M. Stensæth og prosjektleiar Asgeir H. Furnes var med på opningsfesten. Dei fekk mykje gode tilbakemeldingar, både på sjølve bygget og uteområdet.
- Vi er veldig fornøgde, alle trivst godt. Vi har fine lyse rom med krokar som gjer at det er høve til skjerma leik, fortel styrar Vigdis.

Barnehagen med to avdelingar og 12 born og vart tatt i bruk i midten av desember.
- Kjøkkenet er stort og godt slik at vi kan ete alle måltida der. Og leikeplassen med fine apparat gir høve til ulike utfordringar i uteleiken, fortel styraren.

Dei sju tilsette har òg fått det fint og romsleg på arbeidsplassen.
- Vi har fått store rom med gode kontorplassar og eit fint pause- og møterom, så vi er absolutt fornøgde, seier Åsnes.