Gravdalgruppa

View Original

Sikra ny stor kontrakt

Gravdal Bygg vann konkurransen om å få bygge nye klimavennlege omsorgsbustader på Nordfjordeid. - Dette er ein viktig kontrakt som også skaffar oss verdifull kompetanse, seier dagleg leiar Sverre M. Stensæth.

GLER SEG OVER NYE OPPDRAG: Dagleg leiar Sverre M. Stensæth i Gravdal Bygg opplever travle tider og har mange byggeoppdrag.

Det skal byggjast 11 omsorgsbustader og administrasjonsbygg på til saman 1800 kvm like ved sentrum på Nordfjordeid. Kontrakten er på 53 millionar kroner.

Dei energi- og klimavennlege bustadene skal byggjast i massivtre. Det er første gong Gravdal Bygg skal setje opp eit heilt bygg av denne typen og Stensæth fortel at det er mykje nytt å setje seg inn i.

- Det er tøff konkurranse i marknaden, og utruleg kjekt når vi vinn slike oppdrag. Dette blir både lærerikt og spennande. Vi sikrar oss ny kompetanse innan miljøretta husbygging som vi håpar kan sikre oss fleire oppdrag, seier Stensæth.

Korona-viruset skapar store problem for mange bransjar i desse dagar, men i Gravdal Bygg er det travle tider.

- Vi følgjer retningslinjene frå helsestyresmaktene og gjer det vi kan for å halde byggeplassane våre smittefrie. Så langt har arbeidet gått tilnærma som normalt. I Førde har vi Zik-Zak blokka på Falkenstein, 40 leilegheiter i Parken Bustadtun, det nye administrasjonsbygget til Magne Hafstad as og bustader i Gravdalsholten under arbeid, i tillegg til Mallasvika Panorama i Naustdal. Avdelinga vår i Bergen jobbar med ein ny barnehage på Sotra, fortel Stensæth.

Han er godt fornøgd med at dei ca 45 tilsette er sikra arbeid det neste året, men reknar stadig på nye oppdrag, noko som er avgjerande for å sikre stabil drift.

UNDER ARBEID: Zik-Zak på Falkenstein, Piletunet i Parken, nytt administrasjonsbygg for Magne Hafstad as, tomannsbustader i Gravdalsholten, Mallasvika Panorama i Naustdal og Spildepollen barnehage på Sotra.

I tillegg til omsorgsbustadene på Eid er fleire prosjekt under førebuing. Til hausten startar byggearbeidet på dei spreke studioleilegheitene Studio K43 i Kyrkjevegen i Førde, og 36 lyse og lekre leilegheiter i Lindhagen i Angedalsvegen.

- Det er alltid kjekt å planlegge nye prosjekt, vi gler oss til å komme i gang med byggearbeidet, seier Stensæth.

UNDER PLANLEGGING: Både Lindhagen med 36 leilegheiter på elvekanten i Førde sentrum og dei 15 kule studioleilegheitene, Studio K43, er under planlegging. Byggearbeidet startar på begge prosjekta til hausten.