Gravdalgruppa

View Original

Førjulskos i Piletunet

Gløgg, lussekattar, pynta tre og julemusikk. Vi inviterte bebuarane i Piletunet til førjulskos i tunet. Dei fekk både sjå sine nye heimar og slå av ein prat med naboane.

BLIR FINT: Jenny Øvrebø (t.v.) ser fram til at leilegheita blir ferdig, ho skal servere taco til gjester som kjem på besøk. På visninga hadde ho med seg foreldra Stein Erik Øvrebø og Inger Hageberg Øvrebø (lengst til høgre). Egil og Vigdis Johnsen gler seg òg til å flytte inn.

- Vi er ikkje heilt A4, vi skal bu i A5, ler Vigdis og Egil Johnsen. Dei ser fram til å flytte inn i ei ny og og moderne leilegheit i Piletunet ved Hafstadparken i Førde.

- Det skal bli godt å sleppe alt arbeidet med stort hus og hage! Vi har barnebarn som tar over huset, så skulle vi sakne å grave i hagen er det alltids mogleg å hjelpe til der, seier Egil Johnsen.

- Det blir fint å bu her med store grøntområde og så nær elva. Der blir det mange fine turar med hunden, seier Vigdis.

På førjulstreffet møtte dei mellom anna Jenny Øvrebø, som blir ein av dei nye naboane. Ho har gleda seg til å få sjå leilegheita si lenge, og er spent på korleis det blir å flytte inn.
- Det blir fint å få besøk, då skal eg servere taco, fortel Jenny.