Gravdalgruppa

View Original

Falkenstein funkar for familien

FRÅ SØR OG NORD: Grace voks opp i Abuja, hovudstaden i Nigeria, Magne er frå Melhus i Trøndelag. Dei har funne seg godt til rette på Falkenstein i Førde, der Lea (7 mnd.) har budd heile livet.

Eit trygt og roleg område var det som freista Grace Aliyu Nes og Magne Solberg Nes då dei skulle finne ein ny heim for seg og den vesle dottera Lea.

- Vi budde seks år i ei lita leilegheit i Førde sentrum. Det var flott å komme opp på Falkenstein. Huset er passe stort, det er flott utsikt, sol nesten heile dagen og området her er trygt og roleg, fortel Grace.
- Ja, det er veldig triveleg her. Eit fint område med lite gjennomgangstrafikk, seier mannen Magne Solberg Nes.

FEKK BESTEMME SJØLV: Magne og Grace kom tidleg inn i prosjektet, og dermed fekk dei gjere eigne val av til dømes fargar og kjøkken i huset.

Paret likar dei lyse fargane og store vindauge som gir mykje lys. Dei kom tidleg inn i prosjektet og dermed fekk dei påverke løysingane i huset.
- Vi fekk bestemme korleis vi ville ha det, til dømes på kjøkkenet og er godt fornøgde, seier Grace.
Frå terrassen på framsida har dei panoramautsikt over heile Førde – frå Bruland til Øyrane. I tillegg har dei ein romsleg terrasse med kveldssol på baksida, to stover og fire soverom.   
- Og så har vi peis her, det hadde vi ikkje før. Det er veldig koseleg!

Rekkehusa er på tre plan, det synest Magne fungerer fint.
- Då kan den eine halde på med noko i eine etasjen medan den andre kan sitte i fred med sitt i den andre, seier han.
- Og så er det bra å ha toalett på alle plan. Det er ein stor fordel at du ikkje må springe i trappene om natta!

Dei to likar også måten husa er bygt på – ein møter naboane ute og har det sosialt ilag.
- Det er ein fin leikeplass på baksida der ungane kjem ut og leikar, det er veldig triveleg!

GODT NABOSKAP: Helene Søreide er både nabo og kollega på sjukehuset. - Det bur mykje kjekke folk her, det er sosialt., fortel dei. Det er framleis plass til fleire naboar i rekkja deira.

Paret er legar, og rundt seg i nabolaget har dei fleire kollegaer frå sentralsjukehuset. 
- Det er mykje forskjellige folk, men dei er sosiale og hyggelege. Og så er det tre andre med små born, så det er fint, seier Grace som framleis er i fødselspermisjon.
Dottera Lea var berre to veker gammal då dei flytta inn, no er ho sju månader og pludrar i veg på leikeplassen. Om ikkje så altfor lenge skal ho byrje i barnehage og då har dei fleire barnehagar å velje mellom i gangavstand frå Falkenstein.
- Og så er det så fint at vi har skogen like bak huset – særleg for dei to kattane våre. No går dei fritt, då vi budde i sentrum måtte dei vere inne nesten heile tida, fortel Magne.
 - Har de funne roen i Førde?
- Vi har jobbar som gjer at det kan bli naudsynt å flytte på seg. Men vi har i alle fall slått oss til ro her for ei stund.