Gravdalgruppa

View Original

- Vi fall for utsikta på Falkenstein

PANORAMAUTSIKT: Det fantastiske utsikta på Falkenstein vart utslagsgjevande for Monica Borsholm Hyllestad og Roy Hyllestad då dei var på husjakt i Førde. Amalie (16) er også fornøgd med valet.

– Vi har kjempeutsikt! Å sitte på terrassen og sjå utover alle lysa i Førde sentrum på kveldstid er berre heilt fantastisk, seier Monica Borsholm Hyllestad og Roy Hyllestad.

Dei to bygde seg einebustad på Ytre Hafstad for 25 år sidan. I mars i år rydda dei seg ut av huset og flytta inn i splitter nytt rekkehus på Falkenstein i Førde.
­- Det kjendest rett å flytte no. Vi ville ha noko nytt, moderne og lettvint. To av ungane har flytta ut så vi treng ikkje like mykje areal som før, men vi har framleis fire soverom og plass til at alle kan komme på besøk.

Monica har jobb i skatteetaten medan mannen Roy jobbar på Nortura. Saman med yngstejenta Amalie (16) har dei funne seg godt til rette på Falkenstein.

 - Vi er kjempefornøgde og føler ikkje at vi har ofra noko! Her er meir enn nok plass til oss.  Eg likar at det er så solrikt og sentralt. Området er stille og roleg, men samstundes er det berre ein kjapp spasertur til sentrum.  Og så er det utsikta då – den må vere noko av det beste du kan få i Førde, seier Monica.

Roy nikkar samtykkjande. Han er glad for å vere kvitt huset og den store hagen.

- Det er mykje arbeid med ein stor hage, og huset ville etter kvart krevje mykje vedlikehald. Her er det mange år til noko må gjerast, alt er nytt og fint. Det er lettvint her – vi har ikkje noko å klage på, seier Roy.

KOSEKROK: Her frå sofakroken på terrassen kan Monica, Amalie, katten Kasper og Roy nyte utsikta over Førde.

Amalie som går første året på Øyrane, klagar heller ikkje. Ho har fått rommet med den beste utsikta i toppetasjen, og har kort skuleveg.
- Det var veldig spennande å prøve noko nytt, men eg likar meg godt! Det er ikkje så mange av vennene mine som bur akkurat her, men det er framleis gåavstand så det er ikkje noko problem, fortel Amalie.

Familien er òg godt fornøgde med det nye nabolaget.
- Vi har det kjekt, det er trivelege naboar. Ein del av dei er noko yngre enn oss og har små born, men vi har god kontakt uansett alder. Og Amalie har allereie vorte barnevakt, seier Monica.

Det er framleis plass til fleire naboar, og familien Hyllestad meiner husa er ypperlege for andre i same situasjon – dei som har store ungar og er klare for å kvitte seg med einebustaden. Samstundes ser dei at området er attraktivt for småbarnsfamiliar.
- Her er det trygt og fint uteområde og kort avstand til både barnehagar, skular og Førdehuset – og ikkje minst til Løa der Amalie ofte er på fritida, seier Monica.  

Det er berre ein i familien som ikkje var heilt begeistra for flytteplanane, katten Kasper (4).
- Dei første fire-fem dagane etter at vi flytta låg han i ei krå under sofaen og nekta å komme fram. Men det gjekk seg fort til, og no har han funne greitt ut av det med dei andre kattane i nabolaget, fortel matmor.