– Har aldri vore noko alternativ til byggebransjen
– Det er i byggebransjen eg vil vere, det har aldri vore noko alternativ, seier Marta Hugøy Sandnes (26) frå Jølster. Ho er nyutdanna bygg- og anleggsingeniør, og har akkurat starta som trainee i Gravdal Bygg.
Ho fekk prøve seg som sommarvikar i Gravdal Bygg i fjor. Det gav meirsmak. No er ho tilbake som trainee – og vil gjerne bli verande.
– Det er kjekt og lærerikt. Eg trivst godt i lag med folka her, seier Marta.
Ho vaks opp i ein familie der stort sett alle er i byggebransjen, så då ho sjølv skulle velje utdanningsveg var valet enkelt.
No er ho i full sving som prosjektingeniør i Piletunet like ved Hafstadparken i Førde. Der vert det bygt 40 leilegheiter fordelt på seks hus.
– Det handlar om å passe på at arbeidet blir gjort rett og til rett tid, og at tømrarane har det dei treng for å få jobben gjort, fortel Marta.
Saman med byggeleiar Geir Egil Nygjerde «held ho orden» på åtte tømrar og lærlingar.
– Høyrer dei på deg?
– Ja, av og til så, ler Marta og legg til: - Det går heilt fint. Så lenge eg viser respekt for dei, får eg respekt tilbake.
Sjefen til Marta er full av lovord om den ferske traineen.
– Marta gjorde ein god figur i fjor sommar og er ei dame vi har stor tru på. Ho er kunnskapsrik og har ein ingeniørkompetanse som er viktig for oss, seier dagleg leiar i Gravdal Bygg, Sverre M. Stensæth. Han er glad for å ha sikra seg Marta til trainee-stillinga, og vil satse meir på nyutdanna ingeniørar framover.
– Dei tar ting kjapt og har ein kompetanse vi er avhengige av, seier Stensæth.
Ein viktig del av jobben til Marta er å ha fokus på detaljane, kvalitetssikring og HMS-arbeidet i prosjektet.
Ho vedgår at det er ei leilegheit i Piletunet der ho følgjer arbeidet med ekstra spenning. Når den står ferdig flyttar nemleg prosjektingeniøren inn sjølv.
– Det er artig å følgje med på arbeidet i si eiga leilegheit, seier Marta og ser seg rundt i det som skal bli stova.
Veggar og vindauge er på plass, men enno manglar det ein del før huset er innflyttingsklart.
– Eg skal nok få det som eg vil ha det – både i leilegheita og på byggjeplassen!